Tombre Fiskeanlegg AS
Drageid Laks AS
Quatro Laks AS
Fjord Drift AS
Er medeigar i :
Leverandørar:
 
Tombre Fiskeanlegg AS
40 år
1971 - 2011 

Les artikkel fra FHL om norsk havbruksnæring

Tombre Fiskeanlegg AS er lokalisert i Hålandsdalen i Fusa kommune i Hordaland.

Me produserer laks og regnbogeaure. Me har hand om heile kjeda frå rogn til setjefisk, og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks og aure i kassar for den internasjonale marknaden.
I tillegg produserer me eigen smolt gjennom selskapet Drageid Laks AS. Smolt vert produsert i ferskvatn ved lokalitetar på Drageide og Tombre i Skogseidvassdraget. Gruppa har ein kapasitet på nærare 1,4 millionar setjefisk.
Matfiskproduksjonen skjer ved lokalitetar i Hardangefjorden, Samnangerfjorden, Bjørnefjorden, Sørfjorden ved Osterøy og Fedje.
Matfiskselskapa hadde i 2011 ei samla årleg omsetnad på nær 200 mill. kroner med utgangspunkt i 7 konsesjonar.
Selskapa produserer om lag 5 000 tonn med laks og 2 000 tonn med aure.
All fisk får dagleg tilsyn og røkting heile året. Produksjonen startar i ferskvatn i Skogseidvassdraget, før fisken vert transportert til sjøen. Det er heile vegen fokus på trivnad og god fiskehelse. Dette gjennom varsam handtering, god hygiene, godt for og god vasskvalitet. Dette gjev god fiskevelferd og fører til at fisken vert ei god og trygg matvare av høgste kvalitet.
Kontaktinfo:
Telefon:      +47 56 58 52 17
E-post:       tombre@tombre.no
Nyhende

18. mai 2012 kl 07.55
- Skurdal angrip sine eigne

18. mai 2012 kl 08.39
-Virkestoffet fester seg til materialoverflater

18. mai 2012 kl 07.00
- Å stå uten godkjent bedøvingsutstyr vil få konsekvenser

16. mai 2012 kl 07.10
Patogen og Mattilsynet inngår avtale

16. mai 2012 kl 07.00
- De siste slakteriene kan stå klar i september

16. mai 2012 kl 07.00
Vaksinesalget økte i april

15. mai 2012 kl 07.27
Unyanserte påstandar om oppdrettslaks

15. mai 2012 kl 07.00
Thai food producer CP Foods preparing Birds Eye bid

15. mai 2012 kl 07.00
Film om overvåkning av lakselus

15. mai 2012 kl 07.00
Langt fra alle er klar for CO2-forbudet

Vi støttar
Samarbeid med
 
Webdesign-cms: Netnor